Juryen for Blest 2013 har plukka ut dei to første artistane som får opptre under årets Blest. Blest 2013 går av stabelen i Førde helga 4.-6. oktober. Dei to er:
Fröder (Hordaland/Bergen)
Fröder er prosjektet til artist og låtskrivar Katrin Frøder Standnes. Sjangeren er pop med innslag av jazz, og Fröder er snart klare med debut-EPen Ocean Youth som kjem ut over sommaren. Juryen seier at dette er ein artist som skil seg ut frå mengda med ein klar identitet. Juryen er overbevist om at Fröder kan nå langt og har store forventningar til denne artisten i framtida. Ho har allereie rekt å vore lista på P1 og P3 med si særeigne stemme og uttrykk som til tider kan minna om Karin Dreijer og Florence.
Fröder på nett
Sva Marga (Sogn og Fjordane/Høyanger)
Sva Marga er et band fra Høyanger som ble startet i 2001 og har sitt utspring frå skyttarhusmiljøet i Høyanger. Det går i rock, og bandet er klare med si debutskive som dei har spelt inn i Asbest studio i samarbeid med produsent Marcus Bror Forsgren. Juryen seier dei har hatt gleda av å følgje denne artisten gjennom nokon år, og opplever at bandet har hatt ein spanande og god utvikling. Bandet evnar å gjæra seg bemerka, skil seg ut i mengda og dette er noko ein får lyst til å sjå live.
Sva Marga på nett
Årets Blest-jury
- Tonje Elisabeth Peersen. Tonje driv til dagleg Peersen Production AS og er manager for Enslaved. I tillegg har ho erfaring som arrangør og har vore med å produsert ei rekkje store og små konsertar og festivalar i Bergen.
- Viggo Randal. Viggo er musikkentusiast og festivalsjef for Utkantfestivalen.
- Pål Fidjestøl. Pål er kultursjef hjå Blest sin hovudsponsor Sparebanken Sogn og Fjordane. I tillegg har han bakgrunn frå musikkverda, blant anna som tidlegare festivalsjef for Kongsberg jazzfestival.















































